«Forladt, forladt på farens dag, forladt i stridens stund!»

Med desse orda gav Henrik Ibsen røyst til ei skam som ligg som ein mørk skugge i norsk politisk historie, nemleg mangelen på vilje til å reise seg då vårt broderfolk, Danmark, stod åleine mot overmakta i 1864. Det var ikkje berre poesi; det var dom. Ei avsløring av feigskap forkledd som klokskap, og av passivitet kamuflert som måtehald.

Peer Gynt vart seinare skrive i denne skuggen. Heile verket ber preg av eit oppgjer med unnvikande framferd, med den nasjonale tilbøyelegheita til å gå rundt, til å berge eige skinn medan andre ber kostnaden. Peer er ikkje berre ein litterær figur; han er eit spegelbilete av eit Noreg som valde seg sjølv framfor plikt, det lettvinte framfor det rette.

No står me igjen i ei slik stund. Ei stund der vala våre ikkje kan gøymast bak glatte formuleringar eller strategiske omskrivingar. Me kan velja feigskap. Me kan velja ettergjeving. Me kan velja å gå rundt. Eller me kan velja å vera prinsippfaste, tydelege og sterke, og slutte rekkjene bak vårt broderfolk når trykket aukar.

Somme hevdar at me må velja mellom amerikanske tryggleikslovnader og Grønland. Det er ei falsk motsetning. Amerikanske garantiar er ikkje ei naturkraft. Dei er politiske konstruksjonar, avhengige av vilje, stabilitet og truverd. I realiteten tok dei slutt den dagen USA på nytt valde Donald Trump til president. Allereie i åra 2017–21 burde alvoret ha vore openbert. Dersom me framleis nektar å sjå det, er sjølvbedraget så fullkome at ein struts med hovudet djupt i sanden verkar klårsynt.

Kan Noreg og Nato greia seg utan USA? Ja, det kan me. Ikkje fordi amerikansk militærmakt kan bytast ut over natta, men fordi ho korkje er så avgjerande som me har lært oss å tru, eller så truverdig som me har lært oss å håpa. Dette er eit USA som sidan Obama i aukande grad har vendt blikket mot Kina og Stillehavet. Eit USA som slit med å byggja skip. Eit USA med ei aldrande marine. Eit USA utan strategisk samanheng, utan klar sjølvforståing, utan omsyn til allierte sine interesser. Eit USA på veg inn i semi-fascismens svarte dragsug.

Den største utfordringa vår er ikkje fråvær av amerikanske garantiar. Utfordringa ligg hjå oss sjølve: i manglande mot, i politisk veikskap, i ei djup redsle for å ta ansvar. Vil Europa, er Europa fullt i stand til å avskrekka og halda Russland i sjakk – og til å stå ved dei prinsippa me sjølve har lagt til grunn for å verna oss mot makt utan band.

Det me står framfor no, er ei skjebnestund. Ei stund der me kan velja feigskap. Ei stund der me kan velja å kasta over bord alt me har bygd sidan 1945. Ei stund der me kan velja å leggja makta i hendene på stormakter, galningar og autokratar. Me kan velja Wienerkonserten. Me kan velja Berlinkonferansen i 1884. Eller me kan velja å gjera Europa sterkt – til eit fyrtårn for statsrett, folkerett og samhøyr i ei verd merkt av egosentrisme, stormannsgalskap og grådigheit.

Å ta det rette valet vil kosta. Det vil kosta pengar. Det kan kosta liv. Men framfor alt vil det kosta noko me lenge har klamra oss til: eit underdanig politisk tankegods, nært gjennom åtti år med valt eller innbilt avhengigheit av USA.

Kan me endra USA si framferd? Kanskje ikkje med dei styresmaktene dei sjølve har valt. Men me må i det minste gjera det klårt at trugsmål og press mot allierte, mot Europa, vil kosta meir enn det smakar. Me må seia det utan omsveip: me godtek ikkje denne framferda, og me vil svara. Me må vera viljuge til å seia til Washington at held kursen fram, så vil me slutta å lytta, slutta å støtta, slutta å følgja. Me må førebu oss på å stengja amerikanske basar, avslutta tryggingspolitisk samarbeid, setja strek for innkjøp frå amerikansk industri og bryta vanen med å følgja USA i tjukt og tynt i deira globale stormaktspolitikk. Er me tydelege, er me sterke, så kan me framleis snu utviklinga. Er me det ikkje, så tapar me vår eiga framtid.

Har me styrke til dette? Ja. Europa sit på kring 20 prosent av verdas industrikapasitet – ti gonger meir enn Russland og jamvel meir enn USA. Me har store militære evner. Me har ei høgt utdanna og dugande folkesetnad. Me har politiske system som gjer samordning mogleg – dersom me tør, dersom me vil, dersom me ønskjer å vera relevante. Den største veikskapen vår er ikkje mangel på evne, men at me overvurderer USA og undervurderer oss sjølve.

Ja, det vil vera uheldig – ja, jamvel alvorleg – at me i ein overgangsbolk er avhengige av amerikansk industri og amerikanske våpen. Men det må me tola. Tek me tak, byggjer opp eigen industri, rustar oss for å stå på eigne bein, så kan me setja F-35 til side og styra vår eigen lagnad. Spørsmålet er ikkje om me kan. Svaret er at me må.

I 1982 gjekk Argentina til åtak og okkupasjon av Falklandsøyane. Storbritannia kunne ha valt ettergjeving. Dei kunne ha godteke ein fait accompli. Dei gjorde det ikkje. Thatcher forstod noko mange i Europa – og i Noreg – i dag ser ut til å ha gløymt: at ein stat som ikkje står opp for eige folk og eige territorium, gjer seg sjølv til ein stat utan verdi. Ein slik stat vert ikkje høyrd. Den vert ikkje respektert. Den mistar retten og evna til å rå over si eiga framtid.

Då står me att som viljelause samfunn, som stormaktene kan fara fram med etter eige innfall. Då må me finna oss i avgjerdene Trump, Putin og Xi tek – utan røyst, utan påverknad, utan eigarskap til framtida. Det er langt verre enn å nytta nokre kroner meir, langt verre enn å leva med auka risiko.

Difor gjeld Ibsen sine ord framleis, med uminska kraft:

«En bror i nød! Hver mand på dæk; — her gælder rappe råd!»

Det er dette som gjeld no. Ikkje naivitet. Ikkje trua på at alt ordnar seg dersom me berre gjev etter. Men handling, vilje og ansvar – medan det enno er tid.

Forfatteren er orlogskaptein og Faggruppesjef sjømakt ved FHS/Sjøkrigsskulen.
Teksten er publisert på Filter nyheter – i ei nær identisk utgåve.